Valgkampstart på Standalhytta

Fotocredit: Foto av laurdagssnadder, fiska idag i Bondalselva på Sæbø

Dei Grøne i Ørsta inviterer til valgkampstart på Standalhytta no på laurdag den 15. august.
Sist treff på Sæbø var strålande og vi håper på like stor oppslutning denne gang.
Vi ynskjer å starte kl 18 og utover.
Vi vil presentere 1-3 kandidatane. I tillegg oppmodar vi øvrige kandidatar til ei eigen liten presentasjon.
Det blir servert ein liten lokalprodusert tapas.
Det er høve til overnatting til vanleg turistforeiningstakst. Vi håper på mykje skravling utover kvelden.
Etter frukost på søndag prøver vi ein tur i Kvanndalen.

Bli med!

13. august, 2015