Valkamptreffet på Sæbø

Ein fin gjeng frå MDG i Ørsta og MDG i Volda hadde tirsdag kveld valkamptreff på Sæbø. Med eit stort strandflagg i hagen var det ingen tvil om kvar vi heldt til. Vi fikk ein grundig gjennomgang av listetoppseminaret i Oslo, der listetoppane våre, Øyvind og Bjørn tok del.

5. juni, 2015

Sæbø

Vi hadde med eit breidspektra utval med mat, frå turrsild til karameller. Dermed vart det triveleg passiar om valkampen som vi startar for fullt etter ferien.

Bjørn skal ta del i partidebatten under Hjørundfjorddagane, så han tjuvstartar.

Valkampbrosjyrene kom rykande ferske frå trykkeriet, desse blir fordelt på frivillige etter sommarferien, slik at vi på dugnad kan putte dei i alle postkasser i kommunene.

Fellesbildet vart svært vellukka, med Slogen som bakgrunn. På Sæbø er det alltid triveleg.