Verda sin miljødag i Ørsta

På Verda sin miljødag søndag 05. juni ynskjer MDG Ørsta å setje vern av matjord på dagsorden ved å byrje med dyrking av grønsaker i sentrum. Det tar 2000 år å danne 10 cm matjord[1] og av den grunn er den viktig å ta vare på. På verdsbasis har store investorar skjønt teikninga og byrja tileigne seg store landområdar for eiga vinning.

 

3. juni, 2016

I samband med Verda sin miljødag sett vi ut pallekarmar til dyrking av poteter og grønsaker på marka mellom Frikyrkja og Kiwi. Vi vil lyfte fram matjord som ein ressurs å verne om, og eit høve til å setje jordvern på dagsorden.

Mdg Ørsta tek ansvaret for etablering og stell. Frikyrkja og Supperådet støttar markeringa gjennom å stille marka si til disposisjon. Dei står fritt til å nytte eventuell avling etter eige ynskje. MDG Ørsta ynskjer eit Ørsta med lokal matproduksjon, urbane hager og glade folk. Det kan vere ei sann glede å drive med matjord og sjå det ein sår spire og gro!

Ordførar Stein Aam sa følgjande i Møre nytt 5 Mai 2016 – Mitt grunnsyn er at det kan kome ein dag der vi blir nøydde til å vere meir sjølvforsynte med mat i Noreg enn vi er i dag. Då treng vi matjorda. MDG Ørsta støttar dette, og meiner  det er grunn til å vere meir restriktive enn i dag.

Ørsta har stolte landbrukstradisjonar og kan vere glupe nok til ta vare på sitt grøne gull. Ordføraren vil ta vare på denne kvaliten. “Ørsta kommune og Ørsta sentrum er i vekst, og ønskjer meir vekst. Det er ikkje lett å kombinere med jordvern i pressområda. Mosflata, eitt av dei beste og mest sentrumsnære jordbruksområda i Ørsta, har allereie vore omdisponert i årevis. – Dette er ein vanskeleg balansegang, men det er ein kjempekvalitet for Ørsta at vi har dyrkamark og beitande dyr så tett på sentrum. Det er ikkje mange stader på storleik med Ørsta det er slik.”

I samme slengen vil vi dele ut ei blomsterbukett til Landbrukskontoret som gjer eit formidabelt arbeid med jordvern kvar einaste dag.

[1] International Association for Shell and Spatial Structures (IASS)

gjennom filmen Let’s talk about soil.