Volda-Ørsta stiller sterkt på Landsmøte på Lillehammer

Det er landsmøte 2017 på Lillehammer i helga 19. – 21. mai. Av dei seks utsendingane frå Møre og Romsdal MDG kjem tre frå Volda og ei frå Ørsta. Delegasjonen er leia av stortingskandidat Lage Nøst, og andrekandidat May Britt Haukås frå Ålesund MDG er også med.

19. mai, 2017

Delegasjonen frå MDG M&R har hatt førebuande møter, og vil melleom anna argumentere for å få praktisk dugleik inn som eit kompetansemål i skulen. Frå Volda er desse tre med: Henriette Hafsaas Tsakos, Inghild Remøy og kommunestyrerepresentant Øyvind Festø. Frå Ørsta stiller kommunestyrerepresentant Frida Gillberg.