Voldsfjordkryssing

Fotocredit: Illustrasjonsbilete av Ole Ørjan Hov

MDG Volda har i kommunestyret idag fremja forslag om å utsetje sak 3/16 Oppretting av bruselskap for Voldsfjorden. Grunngjevinga er at rådmannen si innstilling er tvetydig. Han skriv at det er for tidleg å opprette dette selskapet no, før ordninga med ferjeavløysingsmidlar er på plass. MDG var einaste parti som røysta imot å bruke 300 000,- til oppretting av bruselskapet.

28. januar, 2016

Miljøpartiet Dei Grøne Volda har fleire grunnar til å ikkje etablere bruselskapet:

-Bruselskapet framstår som eit aksjonsprega grendelagsforslag. Opprettinga må ha langt breiare støtte i utgangspunktet, med klare signal om støtte frå nabokommuner og næringslivet.

-Kommunen må prioritere viktigare samferdselsprosjekt no, særleg Voldatunnelen.

-Kommuneøkonomien er trong.

-Eit slikt selskap må ha klare mål om å redusere klimagassutslepp, det er ikkje med i rådmannen sitt forslag.

-Dei som ikkje har tilgang til bil, ca 40% av innbyggarane, vil miste kollektivtilbodet sitt når ferjene sluttar å gå.

-Varene i vogntoga som køyrer nord og sør på Vestlandet må over på skip. Mellom anna difor hastar det med Stad skipstunnel.-Brua vil føre til meir bilkøyring, meir utslepp, meir vegslitasje, fleire trafikkulykker og meir ureining i form av mikroplast frå dekkslitasje.

-Brua vil koste milliardar. Det er mange andre gode tiltak desse pengane kan nyttast til, til dømes bygging av el-ferjer.

Folkestad for folk flest

Folkestad har idag det beste kollektivtilbodet i heile Møre og Romsdal, ferja har betre frekvens enn bussane mellom Volda og Ørsta, ferja har triveleg salong med fjordutsikt, det er her bygdefolket møtast til drøs. Slik vi har det no, kan vi ha von om tilflytting til grenda og at fotballaktivitet og fritidstilbod vert halde oppe i ei bygd for folk flest.

Om brua kjem på plass vil det kome berre ein buss til bygda, det er skuleruta som kjem til å frakte ungdomsskuleelevane til Volda.

Her er ordlyden i MDG Volda sitt forslag:

«Kommunestyret utsett saka til Regjeringa har lagt fram dei varsla endringane i ferjeavløysingsordninga for Stortinget.
 
Grunngjeving:
Sidan intensjonsvedtaket i kommunestyret i august -15 om oppretting av eige bruselskap, er det varsla nye vilkår for ordninga med ferjeavløysingsmidlar.
 
I administrasjonen si tilråding til formannskapet 19.01.2016 er rådmannen tvetydig. Han refererer til ei tilråding frå samferdselsdepartementet 20.11.15 og skriv mellom anna:  «Når no regjeringa i statsråd 20.11.15 seier at dei sinare vil kome tilbake til Stortinget med ei konkretisering av forslag til endringar i rammene for ordninga, meiner rådmannen at skiping av eit lokalt «bompengeselskap» i utgangspunktet bør vente til desse rammene er klare.»
 
I tilrådinga vert det også framheva at ordninga i større grad vert knytt til prosjekt som skal gjennomførast av selskapet Nye veier AS. I dag har dette selskapet ingen prosjekt på vestlandet.«